Prosedyre

Ved første besøk for tannregulering blir vi kjent med pasienten.

- Det blir registrert bittforhold ved ein inspeksjon av tennene og sambitt.

- Ein tek som oftast eit stort røntgenbilde av begge kjevane, eit OPG-røntgen.

Etter dette blir det vurdert om pasienten er klar for eventuell behandling. Dersom det er tilfelle startar  ein innhenting av fleire data.

- Foto av kjevane og ansikt

- Modellar av kjevane

- Fleire røntgenbilder

 

Vi nytter digitale røntgenapparat, og strålemengda er redusert til det minimale.

Dei innhenta data blir gjennomgått av reguleringstannlegen, og ein behandlingsplan blir laga.

Deretter sender vi tilbakemelding til henvisande tannlege og føresette.


Vidare behandling

Ved andre besøk informerer vi om behandlinga det er lagt opp til, og svarar på eventuelle spørsmål.

Det er to hovedtypar av behandling.

Platebehandling og behandling med fast apparatur. Nokre treng ein av typane, andre treng båe to.

 

Platebehandling:

Ein brukar avtrykket som blei tatt ved føste besøk til å lage ei plate. Plata blir tilpassa, og pasienten lærer seg å ta av og på plata.

Ein går så til kontroll med jamne mellomrom for å sjå på framgangen.

 

Behandling med fast apparatur:

Før ein kan lime klossane på vert tenner pussa med polerpasta og gummikopp for å få vekk belegg på tennene.

Klossane vert så limt på  i ein eller begge kjevar. Ved hjelp av klossane vert det festa ein tynn streng, denne vil byrja å føre tennene der ein ynskjer å ha dei.

 

 

Ein går til kontroll "straming" kvar 4-6 veke. Ved desse kontrollane ser tannlegen på korleis framgangen er. Nokre gongar skiftar ein strengen/bogen mellom klossane, andre gongar får ein på strikkar eller det blir gjort andre justeringar for å halde fram føringa av tennene til ynskja posisjon.

 

Når ein har oppnådd det resultatet ein vil ha, blir det aktuelt å ta strengen og klossane av tennene. Me tar avtrykk til framstilling av retensjonsplate/skinne i overkjeven og set ein tynn streng  på innsida av tennene i underkjeven. Nokre gongar er det òg nødvendig med ein tynn streng i overkjeven.

 

Første månaden skal plata/skinna nyttast heile tida. Ein tar den ut når ein et. Deretter bruker ein plata om natta. Plata skal brukast eit år, så kan ein gradvis trappe ned bruken.

Strengen på baksida av tennene bør stå på til visdomstennene er brote fram. Nokre velger å ha denne på lenger om den ikkje plagar dei.

Sageneshuset, Borggata 63

5417 STORD

53 41 61 66

Ring oss idag!

Opningstider

Mån–Fre: 08.00–15.30

Bestill time

post@tannlegeoen.no
Følg oss på Facebook