KVA KAN ME HJELPE DEG MED?

Våre tenester

Me er spesielt opptekne av alle som kvir seg for å gå til tannlegen. Eit hovudmål er at pasientane skal kjenna seg trygge i tannlegestolen og at konsultasjonen skal vere ei positiv oppleving.

Tannlegeskrekk

Sveitter du i hendene, får hjartebank, urolig mage eller mister nattesøvnen av tanken på å gå til tannlegen? Du er ikkje åleine.

Odontofobi er ein fobi som omhandlar irrasjonell og overdriven frykt for tannlegar. Enkelte er redd spesielle delar av tannlegebesøket, som tildømes boring, brekningar, bedøvelse. Felles er ofte ein redsle for å bli utsett for smertefulle opplevingar ein ikkje har kontroll over. Me er alle ulike, og det er difor viktig at du fortel oss kva det er du gruar deg til.

Hjå oss har me spesialkompetanse og god erfaring med behanding av pasientar som er redde for å gå til tannlegen. Me brukar kognitiv terapi for å hjelpe pasientar som er svært redde for tannlegebesøket. Me har ein genuin interesse og glede av å hjelpe pasientar med tannlegeskrekk.

Når me er så heldige at me får lov til å vere ein del av kuren mot tannlegeskrekk, har me ein skikkelig god dag på jobben. Me er ikkje robotar, men vanlege ufarlege menneske.

Tannlegeskrekk kan behandles. Hjå oss er det tannlegen og du som pasient som lagar ein plan og vurderer korleis dette skal føregå. Me kartlegg kva som startar redselsreaksjonane og øver på å takle dette. Og det er svært viktig at du er innstilt på å snu den vonde sirkelen. Du må vere forberedt på utfordringar, for det er diverre slik at for å mestre angsten må ein først bli venn med den. Ein må kjenne på den, og oppleve at den ikkje er farleg berre ubehageleg.

Me deler tannbehandlinga opp i etappar som passar deg. Kansje finn me ut at første time bare skal brukast til å skape ein trygg relasjon oss imellom.

«God behandling vektlegger at pasienten skal få oppleve kontroll og mestring. Ofte vil dette målet kunne nås etter 5–7 behandlingstimer.»
ref. Den norske tannlegeforening


Akutt hjelp

Me hjelper deg gjerne om du har akutte tannproblem.

Me tilstreber at du skal få time på dagen, seinast dagen etter. Ringer du, får du tak i oss med det same. Du kan òg kontakte oss via kontaktskjema, så tek me kontakt med deg.

Er det helg eller raud dag kan du prøve å ringe oss privat.


Tannbleiking

Å bleike tennene under oppsyn frå tannlege har gjennom årelange studier vist seg å vere ufarleg. Før ein bleiker tennene er det viktig at me går over dei for å sjå at du ikkje har hol eller andre skader på tennene. Me anbefaler heimebleiking med 10 % karbamidperoksid, då dette er mest skånsamt for tennene dine.

Det første me gjer et å ta avtrykk til individuelt tilpassa bleikeskinner. Desse brukar du om natta saman med ein bleikegele i 1–2 veker, avhengig av kor lyse tenner du vil ha. Me brukar Opalescence bleikemiddel. Dette er eit velprøvd bleikemiddel som har vert på marknaden i over 17 år.

Finn du ikkje bruksanvisningen du fekk med? Trykk på linken: Bruksanvisning Opalescence


Ettersyn

Me anbefaler at du går jamnleg til kontroll for å sjekke tenner og tannkjøtt.

Ved ein slik undersøking tar me røntgenbilder av tennene dine og går over dei og munnhola med syn og sonde.

Ved å gå til kontroll jamleg, kan ein oppdage potensiell sjukdom på eit tidlegare stadium enn om ein oppsøker tannlege bare når ein har vondt.


Kosmetisk tannbehandling

Er det noko du kunne tenka deg og fiksa på?

Misfargingar, gule tenner, skjemmande fyllingar, enkle tannstillingsfeil, slitte tenner eller liknande.

Som oftast ser ein ting best sjølv, men me er her for å hjelpe deg slik at du får sjølvkjensle til å vise tennene dine. Ofte er det lite som skal til for å få ønsker oppfylt. Nokre gongar må me gjennomføre meir omfattande behandling.

Me planlegg i lag slik at me kjem fram til ei løysing som passar dine behov og din økonomi. Vårt mål er å gjere deg fornøgd, samtidig som me gjer minst mogeleg inngrep på tennene dine.


Invisalign

Me tilbyr eit alternativ til vanleg streng på tennene. Behandling med blanke plastskinner, kalla Invisalign.

Reguleringskinnene er nesten usynlege – dei fleste vil ikkje oppdage at du er under behandling.

Med hjelp av eit varierande antal skinner kan me rette opp dei fleste tannstillingsfeil. Behandlinga kan ta frå to månadar til eitt år avhengig av kva du ønsker å justere på.

Først gjer me ein forundersøkelse. Her legg me ein plan saman. Ønsker du behandling set me opp ein time til ein grundig undersøkelse der me tar bilder, røntgen og skannar tennene dine digitalt. Dette er behandling som er utan ubehag og smerter.

Totalt antal skinner varierer etter kor kompleks tannstillingsfeilen din er. Skinnene skal brukast 20–22 timar i døgnet og skiftast kvar 10. dag. Ein må besøke tannlegen kvar 6–8 veke. Under/etter behandlingsforløpet kan det vera nødvendig med ny skanning for å få skinner som kan finjustere det ferdige resultatet.

Hjå oss er det tannlege Malene Øen som er godkjend Invisalign-behandlar. Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande samtale.

Ønsker du meir informasjon anbefalar eg deg å besøke www.invisalign.no


Implantat

Me tilbyr spesialistkompetanse på implantatinnsetting som erstatning av tapte tenner. Me har fokus på ei heilheitleg behandling. Du får ein grundig forbehandling og tett oppfølging i ettertid. Med denne behandlingsfilosofien er du sikra optimale forhold for at implantatet skal vare livet ut.


Sageneshuset, Borggata 63

5417 STORD

53 41 61 66

Ring oss idag!

Opningstider

Mån–Fre: 08.00–15.30

Bestill time

post@tannlegeoen.no
Følg oss på Facebook