Prisar for tannregulering
Våre prisar(2015) er basert på offentleg takst. På enkelte takstar ligg vi under takstar gjeve av Helse-og omsorgsdepartementet. Etter ei undersøking og diagnose vil vi gje eit tilbod om behandling med ein øvre eigenandel.
Dersom det blir oppfylgjande konsultasjonar gjeld andre reglar, og ei undersøking blir rimelegare enn det som her er oppgjeve.
Generelle tenester
Undersøking hos speialst og OPG (panoramarøntgen) Takst: A2 og 804
370,-
Dersom ein skal starte med regulering er det naudsynt med ei meir omfattande undersøking, både for planlegging og dokumentasjon overfor HELFO
Skallerøntgen: Takst 806
205,-
Honorar 525,-
Refusjon 330,-
Tannrøntgen, per bilde: Takst 802
20,-
Honorar 45,-
Refusjon 25,-
Pasientfoto, per bilde: Takst 704(6 stk)
...
Honorar 25,-
Refusjon: 40-60-75-90 %
Sokla studiemodell, per sett: Takst 703
...
Honorar 880,-
Refusjon 40-60-75-90%
Behandling
Prisen for ei behandling er avhengig av kor omfattande behandlinga er, og kor lenge den vil variere.
Etter takstane i 2016 vil prisane vere om lag slik:
Innleiande behandling med plate: 3000-8000,-
Behandling med fast apparatur i ein kjeve: 12000-17000,-
Behandling med fast apparatur i begge kjevar: 24000-27000,-
Tillegg for behandling med fast apparatur “usynleg” i ein kjeve: 0- 5.000,-
Tillegg for behandling med fast apparatur”usynleg” i begge kjevar: kr. 0.- 15.000.-
Refusjon
For å få refusjon frå HELFO er det naudsynt med henvisning frå tannklinikken og behandlinga må starte seinast det året ein fyller 20 år.
Refusjonsprosenten varierer alt etter alvorligheitsgraden av bittavviket, og den blir bestemt etter oppsette reglar.
Det er unnatak for 20-års-regelen, og ein del voksne pasientar har òg rett på refusjon frå Helfo, men då etter strengare kriterier.
Refusjonsdelen behandling
Trygderefusjonen for tannreguleringsbehandling blir utbetalt til behandlande spesialist, så pasienten må berre svare for eigenandelen.
Refusjon ved reiseutgifter
Pasient/føresette må sjølv søkje om refusjonsdelen for reiseutgifter til Pasientreiser.no. Reisedatoane for behandling må bekreftast av tannlege, og ikkje gå lenger attende enn 1/2 år.
Søskenmoderasjon
Ved fleire born i ein familie gjeld syskjenmoderasjon frå det andre bornet som får behandling. Refusjonsprosenten aukar då for desse pasientane. Trygda (HELFO) dekkjer 40% eller 75 % av offentleg takst for det første barnet i familien og 60 % eller 90 % for resten av borna dersom dei fyller krava for å få refusjon.
Nokre pasientar med f.eks. ganespalte eller pasientar som treng kjevekirurgisk behandling får dekka 100 % av behandlinga.
Pasientar over 21 år
Detter er ei pasientgruppe som må bere kostnadane sjølv, men vi vår pris for konsultasjon og OPG er den same som for refusjonspasientar kr. 370-.
Voksne pasientar kan har rett på stønad.
100 % stønad:
Pasientar som har leppe-kjeve-ganespalte
Pasientar som har behov for ortognatisk-kirurgi (kjeveortopedisk behandling i kombinasjon med kjevekirurgi)
Pasientar med medfødte og erverva cranofaciale lidingar
Tannregulering ved tannskade etter godkjent yrkesskade
Refusjon på ein del av kostnadane:
Tannregulering ved tannkjøtsbetennelse (Refusjon 1 gong pr. kjevekr. 5455)
Tannregulering ved manglande tannanlegg i front eller minst 2 småjekslar (75% refusjon)
Tannregulering ved ulykke, som ikkje er yrkesskade(dekning etter refusjonstakstane)
Tannregulering ved traumatiske tannskader hjå brukar som lir av sjukdommar som kan gje fallskade( dekning etter honorartakstane)