Personvernerklæring

Frå mai 2018 er det eit krav om informasjonsplikt ved innsamling av opplysningar frå personar som registrerar seg på nett (ref. Personopplysningslova § 19).

Denne erklæringa inneheld informasjon om kva opplysningar me hentar inn og korleis dei vert behandla (ref. Personopplysningslova § 18 1. ledd).

Tannlege Øen AS, ved Malene Øen, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar.

På denne nettstaden vert det samla inn persondata gjennom følgjande verktøy:

  • Google Maps (lokasjonsdata)
  • Google Web Font (besøksdata)
  • Kontaktskjema (namn, e-post, telefonnummer)

Kva er ein «cookie»?

Ein cookie – på godt norsk kalla «informasjonskapsel» – er ein teknologi nytta av dei fleste nettstader. Det er ein liten tekstfil som vert lagra på din enhet, og kan inneholde forskjellig informasjon om din bruk av nettstaden. Til dømes kan den hugse pålogginga di, kva innstillingar du har aktivert på nettstaden, kva sider du besøker på nettstaden vår, kva lenkjer du trykker på og liknande.

Lokasjonsdata

Nettstaden vår nyttar Google Maps for å vise vår lokasjon. Google Maps kan samle inn informasjon om brukaren, som til dømes plassering og IP-adresse.

Informasjon samla inn av Google Maps vert lagra på Google sine tenarar i USA, og me har ikkje tilgang til desse.

Les meir om korleis Google handterer data her. 

Google Web Fonts

For å sikre ei lik visning av fontar på alle enhetar, nyttar denne nettstaden fontar tilpassa for nettbruk levert frå Google. Når du opnar ei side hos oss, vil nettlesaren din laste inn fontane du treng for å vise sida skikkeleg til mellomlagringa di.

For å kunne gjere dette må nettlesaren din etablere ein kontakt med Google sine tenarar. Gjennom dette vil Google få beskjed om at di IP-adresse har besøkt vår nettstad. Dette er ikkje informasjon som me har tilgang til.

Me nyttar Google Web Fonts for å sørge for ei lik visning av teksten på sida vår, i tillegg til estetiske årsakar. Dersom nettlesaren din ikkje støtter nett-fontar, så vert ein standard-font frå enheten din nytta av nettlesaren din.

Les meir om Google Web Font sin handtering av data her.

Kontaktskjema

Vårt kontaktskjema samlar inn namn, e-post og telefonnummer frå brukaren som sender inn skjemaet. Denne informasjonen vert sendt direkte på e-post til mottakaradressa, og er ikkje lagra på vår tenar.

Generelt

Selskapa Sydvest AS, Axenta AS og Webhuset AS har tilgang til personopplysningar lagra på vår tenar gjennom drift, utvikling og vedlikehald av nettstaden.

Personopplysningane som vert lagra på nett-tenaren vår er dekka av same tryggleikstiltak som resten av nettstaden.

For spørsmål eller ved ønskje om innsyn, retting eller sletting, ta kontakt med:

Malene Øen
Tannlege
+47 53 41 61 66
post@tannlegeoen.no

Sageneshuset, Borggata 63

5417 STORD

53 41 61 66

Ring oss idag!

Opningstider

Mån–Fre: 08.00–15.30

Bestill time

post@tannlegeoen.no
Følg oss på Facebook